Velkomen til

Seljord Veterinærkontor

sine heimesider

svk1

 

Opningstider 

Seljord Veterinærkontor AS

  Vanlege opningstider i Seljord

 

Måndag - Torsdag 08.00-18.00
Fredag 08.00-17.00

 

Telefontid: 

Dyrlegane har telefontid kvar morgon mellom 08.00 og 09.00. Då kan du snakke med ein dyrlege om reseptar, tinge time, utebesøk og anna. Resten av dagen er det assistentane som tek telefonen. Dei kan og hjelpe deg med å setje opp time. Vi har timebestilling måndag til torsdag 09.00- 17.00, og fredag 09.00- 15.30.

Drop-in timer i Seljord:

Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag
 09.00-10.00  09.00-10.00  09.00-10.00  09.00-10.00  09.00-10.00
 17.00-18.00  17.00-18.00  17.00-18.00   17.00-18.00  


I drop-in tida treng du ikkje ha time. Då gjer me berre "enkle" og raske ting som vaksineringar, behandling mot nasemidd, id-merking, stingfjerning og kloklipp.

For lengre undersøkjingar, til dømes ved hoste, øyreproblem og andre hudproblem, halting, tannbehandling, røntgen eller undersøkjing av valpekull må du tinge time.

 

Opningstider i Fyresdal

Me har timar i Fyresdal kvar andre onsdag mellom kl. 11.00 - 13.00. Du må tinge tid for me reiser berre til Fyresdal om me veit at nokon kjem. Me held til i Fyresdal Tråvlag sin stall ved flystripa.

 

Opningstider i Rauland

Me har tid for smådyr i Rauland kvar måndag og fredag. Ring kontoret i Seljord og ting tid. Adressa er Haddlandsvegen 4, 3864 Rauland.Det er på vegen til Rauland RIdesenter.